Kommunedirektør utan politisk tillit, fekk lønsauke

I Alver kommune i Vestland fylke har det politiske fleirtalet i kommunestyret sagt at dei ikke har tillit til kommunedirektør Ørjan Raknes Forthun. Direktøren vil kkje slutta frivillig. No har ordføraren gitt han lønsauke.
Striden bunnar i korleis kommunen har handtert ein strid i skulesektoren i Alver. Ei uavhengig gransking konkluderte med brei kritikk av kommunen.
Fleire politikarar har bede kommunedirektøren vurdere å gå.