Køyrde frå Hardanger til Bergen i stolen bil

Bilen som politiet jakta på i Bergen sundag kveld, vart stolen frå eit tun på Lofthus i Hardanger natt til 1. nyttårsdag, skriv Hardanger Folkeblad.
Tre personar som var i bilen prøvde å springe frå politiet ved flyplassen på Flesland, men var til slutt tekne av politiet, vel 160 kilometer frå der bilen vart stolen frå. Politiet mistenker køyring i ruspåverka tilstand.
To av dei er under 18 år, medan den tredje er myndig. Dei to yngste er blitt henta av foreldra, medan mannen over 18 år er sett i varetekt, skriv BA.
– Politiet i Bergen har gjort ein kjempejobb. Det er veldig viktig at ingen har blitt skadd, verken dei i bilen eller andre, seier sonen til bileigaren, Halldor Eidsnes, til Hardanger Folkeblad.