Krev livstidsdom til fire terrortiltalte etter eit av Vest-Afrikas dødlegaste jihabist-angrep

Aktor Richard Adou ber om livstidsdom til fire av dei totalt 18 tiltalte etter terrorangrepet ved stranda i Grand-Bassam i Elfenbenkysten i 2016, melder nyheitsbyrået AFP. Området er populært blant utanlandske turistar.
19 menneske blei drepne under angrepet, som blei utført av tre menn med maskingevær. Det er eit av dei dødlegaste jihadisangrepa i Vest-Afrika, skriv AFP. Angrepet blei stoppa då dei tre gjerningsmennene blei skotne og drepne ivorianske sikkerheitsstyrker.
Al-Qaidas nordafrikanske gruppe, AQIM, tok på seg ansvaret same dag, og sa at angrepet var eit svar på Frankrike og deira allierte sine anti-jihadistiske operasjonar i Sahel, og blei retta mot Elfenbenkysten for å ha overlevert AQIM-materiale til Mali, skriv France24.
Rettsaka starta førre månad. Dei 14 andre tiltalte er anten på flukt eller blir haldt i nabolandet Mali.