Kritikk mot Haukeland for bruk av tvang

Sivilombodet kritiserer sikkerheitsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus for bruk av tvangsmiddel. Ombodet peikar i ein ny rapport mellom anna på at bruken ikkje alltid oppfylte krava i lova.
Rapporten viser til tilfelle av der beltebruk og belteseng vanskeleg kan forsvarast, og stiller seg undrande til kvifor personalet meinte det var naudsynt.
– Sjukehuset bør straks sikre at belteseng og transportbelte berre blir brukt i akutte situasjonar, og at bruken blir avslutta med ein gong det ikkje lenger er fare for skade, seier sivilombod Hanne Harlem.
Klinikkdirektør Frøydis Haugan seier til NTB at Helse Bergen er samd i Sivilombodet si grunngjeving og vilkåra for tvangsbruk. Ho opplyser at rutinane skal utbetrast.
– Vi har gode og kompetente medarbeidarar som er utdanna i og trenar kvar veke på handtering av truande situasjonar. Dei tilsette har eit stort fokus på bruk av preventive tiltak som skal hindre tvang, seier Haugan. (NTB)