Leiteaksjon etter ung mann

Politiet set i gang ein leiteaksjon etter at ein ung mann som er sakna på Averøya på Nordmøre. Mannen vart sist sett på eit forsamlingshus laurdag kveld. Også frivillige organisasjonar og Redningsskøyta er varsla. – Vi skal finne ut kor han har blitt av og om det kan ha skjedd noko med han eller om han er ein annan plass, seier operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Arild Reite.