Leiter etter sakna molteplukkar med dronar

Leitinga held fram utover natta etter ein mann i 70-åra som ikkje kom heim frå ein moltetur i Søndre Land. Politi og frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Sivilforsvaret, åtte redningshundar og politihund søker i området, opplyser politiet i Innlandet.
Redningshelikopteret måtte gje seg på grunn av tåke, men det blir framleis søkt med dronar.