Lengre venteliste hos kvinnelege fastlegar

Kvinnelege legar har over 60 prosent fleire pasientar på venteliste enn dei mannlege, viser tal frå Helsedirektoratet.
Mange av dei som står på ventelistene er kvinner sjølve.
Styreleiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen, trur kvinner i ein tidlegare blir medvitne på kva kjønn dei ønsker at legen skal ha.
Ho peikar på prevensjon, svangerskap og gynekologiske undersøkingar som tema som kan avgjere val av lege.
– Dette er undersøkingar og problemstillingar som ofte kan vere vanskelege å snakke om, og mange opplever då at det er lettare å prate med ein av same kjønn, seier Tangen.