Lukasjenko viste seg offentleg igjen

Belarus sin autoritære leiar Aleksandr Lukasjenko har vist seg offentleg igjen, etter fråvære i fleire dagar og rykte om sviktande helse.
Måndag melde det statlege nyheitsbyrået Belta at Lukasjenko hadde besøkt eit av luftforsvaret sine anlegg.
Rykta byrja å svirre etter ein militærparade i Moskva 9. mai. På bileta hadde han bandasje på den eine armen, og flaug etterpå til Minsk i staden for å vere med på ei planlagd samkome.
På biletet frå besøket måndag har han framleis bandasje på armen. Lukasjenko har svak og hås stemme i ein video som blei lagt ut i etterkant. (NTB)