NRK skreiv i føremiddag om ei lysgranat som blei funnen ved ein gjenvinningsstasjon på Mjåtveit i Alver. Ved opning av lysgranaten viste denne seg å vere utan farleg innhald. Sjef for Minedykkerkommandoen i Forsvaret, Christian Couillault, seier at lysgranaten truleg stammar frå eit skyte- og øvingsfelt for militæret.