Mann død etter ulukke i Rauma

Ein mann i 70-åra er bekrefta død etter ei ulukke knytt til felling av eit tre, melder politiet i Møre og Romsdal. Ulukka skjedde på Torvikeidet ved Isfjorden i Rauma kommune. Dei pårørande skal vere varsla.
Operasjonsleiar Leif Arne Mork seier til NRK at det ikkje skal vere snakk om noko arbeidsulukke, då det skal ha skjedd medan mannen dreiv arbeid i skogen på fritida.
– Ein eller annan gong etter klokka 17 i ettermiddag har ulukka skjedd der han då har kome i klem under ei rot. So har pårørande etter kvart sakna han, seier Mork.
Dei skal so ha funne mannen under rota, for so å varsle AMK som igjen varsla politiet, fortel operasjonsleiaren. Politiet vart varsla kring klokka halv ni.
Mannen var ikkje busett i Torvikeidet. Politiet har gjort undersøkingar på staden og har oppretta sak.
– Men det er ingenting som tyder på noko anna enn at dette er ei tragisk ulukke, då, seier Mork.