Mann funnen etter redningsaksjon

Politiet fekk melding frå AMK klokka 19.10 og sette i gang ein leite- og redningsaksjon etter ein mann i 70-åra i Øygarden.
– Mannen hadde dialog med AMK. Politiet blei kopla på, og sette i verk ein redningsaksjon som politiet leia, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Dan Erik Johannesen.
Leitinga føregjekk i terrenget rundt Skogsvåg og Sund i Øygarden kommune. Både hundepatrulje og drone var i bruk i redningsarbeidet.
Mannen i 70-åra er no funnen og teken hand om av helse på staden. Det opplyser operasjonsleiar Johannesen til NRK.
– Det var nokon ungdommar som hadde fått med seg at det var ein aksjon i gang. Dei hadde lagt merke til ein vaksen mann i utkanten av eit skogsområde og følgde han til ressursane som var samla seg.