Mann henta med luftambulanse frå fjellhylle

Ein mann gjekk seg fast i fjellet på Osterøy laurdag kveld. Han sat på ei fjellhylle og kom seg ikkje vidare.
Politiet skreiv på Twitter at luftambulanse var på veg, men at det var krevjande vêrforhold i området.
Klokka 19:10 skriv politiet på Twitter at mannen, som er i 20-åra, er redda ned frå fjellet. Han er fysisk uskadd.