Mario Draghi leverer ny avskjedssøknad

Statsminister i Italia, Mario Draghi, har på nytt fortalt det italienske parlamentet at han vil tre av som statsminister. Det melder nyheitsbyrået Reuters.
I ei retting skriv Reuters at Draghi ikkje nytta ordet «resignering», men at han «vil informere presidenten om sine intensjonar» etter at tre koalisjonsparti trekte støtta til regjeringa hans.
I parlamentet tok imot Draghi ein lengre applaus idet han talte til forsamlinga.
– Sjølv bankfolk har eit hjarte, sa Draghi, som tidlegare var sjef for den europeiske sentralbanken, til forsamlinga i følge den italienske avisa La Repubblica.
Ifølge italienske medium vil Draghi trekke seg. Godkjenner presidenten fråtreiinga vil det sannsynlegvis bety at landet går til nyval i oktober.
Draghi har leia ei brei sekspartiregjering, men er sjølv partilaus.
I førre veke leverte Draghi sin avskjedssøknad som følge av manglande støtte frå partiet Femstjernersrørsla, men fekk nei av president Sergio Mattarella.