Maskorama vann ny reality-pris

Programmet Maskorama gjekk av med prisen for Årets underhaldningsprogram under den nye prisutdelinga med namn Reality Awards.
Det er første gong denne prisutdelinga blir arrangert i Noreg, men har mellom anna vore populær i Danmark i fleire år.
Dei andre nominerte i kategorien var «Skal vi danse», «Linni søker drømmeprinsen», «Jakten på kjærligheten», «The Voice», «Stjernekamp», «Første date», «Norges nye megahit», «Drag me out» og «Luksusfellen».
Her er nokon av dei andre vinnarane under kveldens prisutdeling:
Årets deltaker – Bjørn Einar Romøren («Mesternes Mester»)
Årets karakterdrevne reality – Funkyfam (TV 2)
Årets comeback – David Eriksen («Alle elsker David»)
Årets duo – Martine Lunde og Aleksander Sæterstøl («Sofa»)