MC-ulukke i Bergen

Det har vore ei trafikkulukke i mellom ein personbil og ein motorsykkel i Bergen. Brannvesenet fekk melding om ulukka klokka 15.50. Føraren av motorsykkelen er frakta til Haukeland sjukehus, han skal vere medviten. Føraren av bilen kom frå det utan fysiske skader. Det er store materielle skader på køyretøya, seier politiet til NRK. Motorsykkelen skal ha kome over i feil køyrefelt og frontkollidert med ein bil. Naudetatane er på staden og vegen er stengd.