Minst 24 iranske demonstrantar kan få dødsstraff

Den iranske avisa Etemad har publisert ei liste med 25 personar som er dømde for lovbrot som skal kvalifisere til dødsstraff. Iranarane skal vere dømde for lovbrot i samband med demonstrasjonane i landet.
Ein av personane, ein 23 år gammal aktivist, blei avretta torsdag. Fleire land, blant dei Noreg, har fordømt avrettinga.
Ifølge organisasjonen Iran Human Rights er minst 475 menneske drepne i demonstrasjonane og meir enn 18.000 gripne.