Mistenkt gjerningsperson død i Tyskland

Den mistenkte gjerningspersonen i gisselsituasjonen i Dresden i Tyskland er død, opplyser tysk politi i ei melding på Twitter.
Mannen skal ha teke gissel ved eit apotek på eit kjøpesenter i byen.
– Den mistenkte døydde under operasjonen. 40-åringen fekk dødelege skadar under angrepet og då gislane skulle settast fri, skriv politiet.