Naturvernforbundet: For høge jaktkvotar på ulv

Naturvernforbundet meiner fellingsløyve på 57 ulv i vinter er for høgt, og har klaga saka til Klima- og miljødepartementet.
– Dersom kvotane ikkje blir endra, vil det ramme dei norske ulvane hardt. Ulven er kritisk truga, og Noreg har forplikta seg til å ta vare på bestanden, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding.