Nordlandssjukehuset set inn ekstra ambulansar etter raset

Den største åra for ferdsel mellom Indre Salten og Nordlandssjukehuset er stengt etter rast på Rv80 ved Kirkestrand.
Nordlandssjukehuset har gjort visse grep for å sikre innbyggarane på Fauske-sida av raset, skriv Saltenposten.
Riksveg 80 mellom Bodø og Fauske vil vere stengd fram til torsdag etter skredet. Ifølge Statens vegvesen er sørpeskredet truleg det største nokon gong mellom Bodø og Fauske.
Klinikksjef i prehospital klinikk ved Nordlandssjukehuset, Frode Hansen, fortel til avisa at tidskritisk sjuke eller skadde pasientar vil bli henta med helikopter for å kome raskt til sjukehus.
– Det har foreløpig ikkje vore utfordringar med å fly i dette vêret, seier han til avisa.
– Det blir heile tida gjort vurderingar for korleis vi skal transportere pasientar med behov for umiddelbar hjelp og innlegging i sjukehus. Dersom situasjonen tilseier det, kan det vere aktuelt å køyre alternativ rute frå Fauske til Nordlandssjukehuset, FV 812 via Misvær.
Nordlandssjukehuset har også sett inn ekstra ambulansar.
– Vi har auka beredskapen og er klar for å gjere fleire tiltak om situasjonen utviklar seg. Det er svært godt samarbeid mellom aktørane for beredskap og vegtrafikksentralen i denne situasjonen, seier Hansen.