Nordmenn ventar dårlegare råd

Nordmenn ventar å få dårlegare råd neste år. Det viser forventningsbarometeret til Finans Norge og Kantar Public.
Forventningane folk har til eigen økonomi er på eit rekordlågt nivå, seier administrerande direktør i Finans Norge, Idar Kreutzer.
– Folk har eit pessimistisk syn på eigen økonomi neste år. No ser vi eit historisk skift, seier han.