Noreg oppmodar til forlenga våpenkvile i Sudan

Den 72 timar lange våpenkvila i Sudan går ut i kveld. Utanriksminister Anniken Huitfeldt seier i ei pressemelding at ei forlenging er avgjerande både for sivilbefolkninga og hjelpeorganisasjonane i landet.
– Vi fryktar at kampane i Sudan vil ta seg opp igjen innan kort tid om den skjøre våpenkvila ikkje blir forlenga. Frå norsk side gjer vi alt vi kan for å få partane til forhandlingsbordet, seier Huitfeldt.
Regjeringa opplyser at rundt 85 norske borgarar fått bistand til å reise ut av Sudan.