Nytt fly frå Khartoum torsdag morgon

Det vil gå eit nytt norsk fly frå den sudanske hovudstaden Khartoum torsdag morgon, opplyser Utanriksdepartementet i ei pressemelding.
– Det blir framleis arbeidd intenst med å assistere norske borgarar med utreise frå konflikten i Sudan. Det er sett opp eit nytt norsk fly torsdag morgon frå flyplassen Wadi Seidna til Amman i Jordan, seier kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Håland Simenstad.
Norske borgarar må sjølv kome seg til flyplassen som ligg 22 kilometer nord for Khartoum. Alle som ynsker plass må ha med norsk pass eller pass med opphaldsløyve i Noreg.