Over 100 norske borgarar har fått bistand til å reise ut av Sudan

Utanriksdepartementet hjelper framleis norske borgarar som forsøker å komme seg ut av Sudan. Søndag opplyser UD til NRK at over 100 norske borgarar har fått bistand til å reise ut av landet.
– Over 100 norske borgarar har kome seg ut av Sudan med norsk hjelp eller hjelp frå andre land, seier Mathias Rongved i UD.
Han fortel også at den norske ambassaden i Riyadh har vore til stades i Jeddah dei siste dagane for å ta i mot norske borgarar som har kome med ferje frå Port Sudan.
– I dag reiser UDs utrykkingsteam til Jeddah for å forsterke ambassadens arbeid, fortel han til NRK.