Pelosi vil gi seg som leiar for Representanthuset

I ein tale til det amerikanske folket torsdag trekkjer Nancy Pelosi seg som leiar for Representanthuset i USA.
– Der er ingen større offisiell ære for meg enn å stå på dette golvet og snakke til folket i San Fransisco. Dette skal eg halde fram med å gjere som medlem av huset.
Likevel, la ho til, kjem ho ikkje til å søke attval til leiarvervet.
Til leiarvervet kjem Pelosi til å støtte Hakeem Jeffries, som representerer det åttande distriktet til New York i kongressen, heiter det vidare.
Årsaka skal vere at Pelosi vil tre ut av leiarposisjonen, men halde fram i kongressen på dei bakre benkane.