Person omkom etter ulukke i Hallingdal

Ein person er stadfesta omkom etter ulukka på riksveg 7 i Nesbyen i Hallingdal. Politiet opplyser at pårørande er varsla.
Det blir no gjort undersøkingar på staden, like sør for Liodden. Det blir arbeidd med å fjerne personbilen som hamna i ei ulukke med ein lastebil.
Vegen vil snart bli opna, skriv politiet på Twitter.