Problem med betalingstenesta Vipps

Pengeoverføringstenesta Vipps opplever problem. Tenesta er torsdag morgon ikkje tilgjengeleg.
– Houston, vi har eit problem, melder Vipps i ei melding idet ein loggar seg inn på appen.
– Vipps opplever problem med innlogginga og dette rammar alle brukarane. Vi jobbar med å løyse problemet og vil sende ei oppdatering så fort vi veit meir, skriv Vipps på sine heimesider.
Det var Dagbladet som først melde om saka.