Putin besøkte Ukraina

Russlands president Vladimir Putin besøkte Mariupol i Ukraina i helga. Det er det næraste Putin har vore frontlinja sidan invasjonen av nabolandet. Statleg TV viser at den russiske presidenten får omvising i hamnebyen der det var kraftige kampar i mai i fjor.
Spesialrådgjevar Eskil Grendahl Sivertsen ved Forsvarets forskingsinstitutt meiner videoen er eit eksempel på russisk propaganda, der ein formidlar falske påstandar for kvifor Russland gjekk inn i Ukraina.
– I denne forteljinga er Russland den gode makta, den velmeinande og snille som står imot nazistiske ukrainarar og eit aggressivt USA og Vesten som prøver å ta Russland. Dette går på TV konstant, seier han.