Ran i Bergen sentrum – skal ha truga med hammar

Éin person vart rana og éin person vart forsøkt rana i Bergen sentrum søndag kveld. Fire personar er tekne av politiet og har status som mistenkte. Det var mobiltelefonar tjuvane var ute etter.
Offeret som tjuvane ikkje klarte å stela telefonen frå, ringde til politiet for å melda frå. Ikkje lenge etter vart fire personar arresterte. Tre av dei forsøkte å springa frå politiet.
– Det er meldt at gjerningspersonane skal ha brukt ein hammar til å truga til seg telefonane. Etterforskinga vil visa meir kva som har skjedd, fortel operasjonsleiar Eirik Loftesnes.
Ingen av offera kom til skade, og begge blir følgt opp av politiet.