Redningsaksjon på Dronningstien i Ullensvang

Politiet har sett i verk redningsaksjon etter at to norske menn i 20-åra har gått seg vill på Dronningstien i Ullensvang.
– Vi fekk melding frå pårørande som var bekymra då gutane ikkje var framme i Kinsarvik til avtalt tid. Vi har ikkje vore i kontakt med dei som har gått seg vill, men i kveld skal pårørande fått ei tekstmelding der dei seier at dei har det fint, men at dei har gått seg vill, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Tom Eivind Johannessen.
Frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder, samt redningshelikopter bidrar i søket. Det er fint vær i område.