Reuters: Pressekonferanse i Sveits søndag kveld

Styresmaktene i Sveits har kalla inn til pressekonferanse klokka 19.30 søndag kveld, melder Reuters. Det er venta at pressekonferansen skal handle om storbanken UBS skal ha godkjent å kjøpe kriseramma Credit Suisse for 2 milliardar dollar. Oppkjøpet er ikkje stadfesta av partane eller styresmaktene.