Røykutvikling frå soverom

Politiet har fått melding om røykutvikling frå eit soverom i eit bustadbygg på Frei i Kristiansund. Det er fire leilegheiter i huset, og alle personar er ute, melder politiet. Brannen er sløkt. To blir sjekka av helsepersonell fordi dei kan ha fått røyk i seg.