Ruslan Khasbulatov er død

Den russiske politikaren og akademikaren Ruslan Khasbulatov er død, ifølge russisk statleg TV, melder AFP. Han var viseformann i Folkekongressen i Sovjet-Russlands i 1990–1991. I 1991 blei han parlamentsformann etter at Boris Jeltsin blei valt til president og Sovjetunionen blei oppløyst. Khasbulatov blei rekna som ein nær alliert til Jeltsin, men i 1993 stod han i spissen for eit forsøk på å ta makta frå presidenten.
Khasbulatov døydde i heimen sin utanfor Moskva, og blei 80 år gammal.