Naudetatane rykkjer ut til melding om alvorleg trafikkulykke på E39 ved Hornindalsvatnet i Nordfjord. To bilar med totalt tre personar er involverte.
– Me fekk melding om ulukka 19.13 To personar er fastklemde, seier vaktkommandør Lars Petter Lorvik ved 110 Vest til Bergens Tidende.
Vegen er stengd, og det er omkøyring via RV 651 Stigedalen, eller Fv 5742 Panoramavegen, melder Vegtrafikksentralen.