Sakna kajakkpadlar funnen omkommen

HRS Sør-Noreg fortalde i ettermiddag at dei leita etter ein sakna kajakkpadlar i Sirevåg på Jæren. Personen skal ha reist ut med kajakk i 19–20 tida tysdag.
Sakna er no funnen omkommen. Pårørande er varsla.
Redningshelikopter, kystvakt, redningsskøyte, frivillige, brann, dronar og politi deltok i søket.