Sakna ubåt ved Titanic: – 41 timar igjen

– Det er rundt 41 timar med luft igjen. Det er basert på den opphavlege rapporten.
Det fortel den amerikanske kystvakta på ein pressekonferanse tysdag.
Dei fortel også at søket så langt ikkje har gitt nokon resultat. Kystvakta svarte lite konkret på spørsmål om det framleis er håp for at dei fem om bord kan reddast i livet:
– Fokuset er no å finne ubåten. Viss ubåten blir funne, så vil ekspertane sjå på kva som er den beste løysinga.
Ein fjernstyrt, ubemanna ubåt er no på veg ned til staden der den siste kontakten med Titan var, og vidare ned til vraket av Titanic.