Samnanger: Tolvåring i elva etter alpinulukke

Ei tolv år gamal jente fall i elva etter ei alpinulukke ved Eikedalen skisenter like før halv fem onsdag.
– Det har vore nokre meter frå løypa og ned i elva, seier Stine Mjelde, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Ho har ikkje oversyn over omstenda rundt og eventuell sikring på staden. Storleiken på elva er uviss.
Det var BT som melde om saka først. Ifølgje VG skal luftambulansen ha frakta jenta til Haukeland universitetssjukehus.
– Ho er medviten og me har ingen opplysingar om at det skal vera snakk om kritiske skadar, seier Mjelde til VG. Politiet har ikkje opplysingar om jenta kom seg opp frå elva sjølv eller om ho fekk bistand frå ein skipatrulje.
Dagleg leiar i Eikedalen skisenter, Fredrik Tønjum, fortel at det ikkje var særleg høg vassføring i elva ho fall i.
– Venninnene hennar fekk kjapt sagt ifrå til skipatruljen slik at dei rykte ut til området, seier han.