Seier regjeringa vil hjelpe hushaldningane

I dag gav Frode Alfheim, leiar i Industri Energi og leiaren i Fellesforbundet, Jørn Eggum regjeringa ein tidsfrist på ni veker til å gje klar beskjed om ein eventuell makspris på straum.
I Dagsnytt 18 tysdag svarar olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) følgjande:
– Vi evaluerer no straummstøtteordninga nettopp for å sjå om vi må forsterke den eller justere den for å gjere den meir rettferdig. Med dei prisane vi ser no, så kan det vere grunn for å forsterke den, men det er for tidleg å seie noko om det no.
På spørsmål om det blir ei betre straumordning enn det vi har no, med tanke på at straumprisane er høgare i juli enn dei var vinter då ordninga vart innført, svarar Aasland:
– Eg kan ikkje forskottere statsbudsjettet, men eg kan forskottere at vi skal stå ved hushaldningane og avlaste dei ekstremt høge prisane som er no, og at det skal føregå i den utstrekning som vi har unormalt høge prisar som no.
Arbeidarpartiet sine ordførarar møter i kveld partileiinga til eit digitalt møte, der blant anna energiprisane er eit tema.