Sender redningshelikopter til Vesle Skagastølstind

To klatrarar har kome ut av ruta si grunna dårleg sikt på Vesle Skagastølstind i Hurrungane. Dei har rappellert frå Store Skagastølstind, og er no på kring 800 meters høgd.
– Eg har inntrykk av at dei er erfarne klatrar, som har blitt overraska av dårleg vêr, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt.
Dei to skal vera kledde for å vera utandørs.
Hovudredningssentralen har sendt helikopter frå Florø, som har landa på Turtagrø med redningsmannskap.