Skogbrann i Kaupanger

Det brenn i terrenget i Kaupanger i Sogn og Fjordane, melder 110 Vest på Twitter. Brannen skal ha starta etter eit lynnedslag. Brannvesenet er på veg ut i terrenget for å starte sløkkearbeidet, og har bede om skogbrannhelikopter.
Ifølge politiet ligg det ein campingplass like ved staden der det har begynt å brenne, men det skal ikkje vere meldt om skadde.