Skyhøge leigeprisar under Arendalsuka

Tal som NRK har fått frå Finn.no, viser at gjennomsnittsprisen for ein einebustad ligg på 45.000 kroner under Arendalsuka.
Det er omtrent det dobbelte av kva det kostar resten av året.
Sørlandsbyen har ikkje nok hotellrom til å husa dei tusenvis av tilreisande. Dermed blir det kamp om å få tak i private bustadar.