Småfly havarerte – ligg opp ned i sjøen

Eit småfly har havarert i Kvinnheradsfjorden og naudetatane er på veg. Fire personar var om bord, men alle er bevisste og ute. Skadeomfanget på dei er ukjent.
Flyet ligg opp ned i sjøen no, skriv Vest politidistrikt.
– Ambulanse er på staden. Dei kan melde om at ulykka har skjedd i samband med avgang. Helsepersonell ser til dei som var om bord.