Solidarisk høgtlesing for Salman Rushdie i New York

Fleire hundre forfattarar skal fredag samlast i New York der de skal lese høgt frå Salman Rushdies bøker.
Arrangementet, kalla «Stand with Salman» eller stå saman med Salman, er organisert av blant andre amerikanske PEN og er ei solidaritetsmarkering med Rushdie, som blei knivstukke førre veke.
Blant forfattarane som deltar, er Paul Auster, Siri Hustvedt, Amanda Formeman og Kiran Desai, skriv avisa The Guardian.