Sør-Korea sin president: Atomangrep frå Nord-Korea vil involvere atomvåpen frå USA

Den sørkoreanske presidenten Yoon Suk-yeol forsikra torsdag på ein pressekonferanse i Det kvite hus at ein respons på eit eventuelt atomangrep frå nord vil trekkje inn amerikanske atomvåpen.
– Biden gjentok den kompromisslause forpliktinga si om utvida avskrekking, sa Yoon.
Biden åtvara Nord-Korea og sa at regimet til Kim Jong-un vil vere over dersom han skulle finne på å gjennomføre eit angrep mot USA eller ein av landet sine allierte.
– Eit slikt angrep vil vere totalt uakseptabelt og vil bety slutten for alle regime som skulle gå til eit slikt steg, sa Biden. (NTB)