Sperringa blir oppheva etter trusselmelding

Politisperringane ved Hurtigruten MS «Nordnorge» blir no fjerna. Rundt 260 passasjerar og eit mannskap på 70 blei evakuert etter at det skal ha kome inn ei trusselmelding.
Politiet skriv på Twitter at dei har avklart trusselen og funne ut at meldinga som hadde blitt ringt inn ikkje var reell.
– Saka blir etterforska vidare, men vi ser det som trygt å sende passasjerane tilbake til skipet, opplyser politiet.