Stogga ruspåverka vogntogsjåfør på E6 i Oslo

Politiet i Oslo fekk i kveld fleire telefonar om eit vogntog som køyrde vinglete og som hadde vore i grøfta under køyring. VG skriv at vogntoget skal ha køyrt frå Bjørndal og nordover, før det blei stogga på Ryen. Her blåste sjåføren til langt over lovleg verdi, skriv OPS Politiet Oslo på Twitter.