Stor stein i vegbana stenger riksveg 13 ved Kinsarvik

Klokka 1902 fekk politiet melding om at ein stor stein hadde rasa ut i vegbana ved Krossanes i Kinsarvik i Hardanger. Riksveg 13 er stengd. Politiet er på veg til staden for å undersøka. Vegtrafikksentralen er varsla.