Stor stein trefte bygningar i Lysebotn

Fleire naust skal ha fått skader etter eit steinras i Lysebotnen, men ingen personar er skadde, melder politiet. Det er snakk om ein større stein, som også har skada vegbanen på Lysevegen. Steinen ligg likevel ikkje til hinder for trafikken. Politiet fekk melding om raset frå Stavanger Aftenblad klokka 20.40 i kveld. Vegtrafikksentralen sender ut entreprenør for å gjera ei vurdering av rasstaden.