Støre snakka med Zelenskyj på telefon

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fekk ei oppdatering på situasjonen i Ukraina då han snakka med president Volodymyr Zelenskyj på telefon tysdag.
– Vi snakkar saman med jamne mellomrom. Han ringde no for å oppdatere om situasjonen, seier Støre til NTB.
Han kunne ikkje love like mange våpen til Ukraina, men sa at Noreg vil halde fram med å støtte landet økonomisk.