Stort tal dyr har mista livet i fjøsbrann i Gloppen

Dei siste meldingane tilseier at fjøsen har rasa saman.
– Det er antatt at eit stort tal dyr har mista livet i brannen, melder Vest politidistrikt.
Til saman har det vore 200 kyr, oksar og kalvar inne i fjøsen. Om lag 30 skal vere berga ut av fjøsen.
Det er krevjande for brannvesen med tanke på sløkking på grunn av ver og omfanget på brannen, opplyser politiet.