Sunnmørsposten: Ni skal vere i sjøen

Ni personar skal vere i sjøen etter ei naudmelding frå ein båt i Tomrefjorden, melder Sunnmørsposten.
– Vi veit førebels lite, men ein båt som har frakta folk har fått vanskar, og ni personar skal vere i sjøen, seier redningsleiar Erik Willassen i HRS Sør-Noreg til avisa.
To helikopter, fleire båtar og politiet er på veg til staden der båten skal ha fått vanskar.